Furuly turistheim og leirstad er eit større bygg som kan brukast til mange ulike arrangement, flott beliggande i naturskjønne omgjevnader berre ein knapp kilometer frå Tveitsund, som er Treungen sentrum, i Nissedal kommune i Vest-Telemark. Det er kort veg til alle servicefunksjoner, alpinanlegg m.m., samt utsikt til Nisser, Telemarks største innsjø, som ligg 300 meter unna, med badeplass, båtbrygge og fantastisk turterreng. Furuly har ei naturskjønn og harmonisk ramme og praktiske tilhøve som kan skape svært vellukka arrangement og opphald.
Nissedal er ei bygd og ein reiselivskommune i sterk og god vekst. Kommunen dekker eit areal på 900 km2 og har om lag 1400 innbyggjarar, og om lag 2000 hytter. Nisser, største innsjøen i Telemark, er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Den fire mil lange og 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klart drikkevatn. Nissedal har fått namnet sitt frå Nisser, som truleg kjem av gamalnorsk “Nidrsær”, som tyder “Den nedre sjøen”, i forhold til Vrådal og Vråvatn, “øvre”. Langs Nisser finn ein sjeldsynte hellemålingar, gravhaugar og mange andre minne etter gamal busetjing.
I skogane og heiområda i Nissedal finn ein omlag 1500 større og mindre vatn, og dei aller fleste har fisk. På Fjone finn ein kilometerlange sandstrender, blant anna 15 kilometer nær sagt ubrutt sandstrand. Dette er Nord-Europas lengste samanhengande innsjø-sandstrand! Kommunen er derfor eit eldorado for dei fiskeinteresserte, badeglade og vannsportinteresserte, og for småbornsfamiliar. Her er også gode vilkår for kanopadling, båtsport og fiske i vatna og elvane. Sør for Treungen startar Nidelva som går ned til Arendal, og heilt sør i kommunen ligg Tjørull, ein fantastisk idyllisk og stor innsjø med bukter, kanalar, sandstrender og eit stort og vakkert tursti-nettverk. Klimaet i Nissedal er svært bra, og terrenget innbyr til turgåing, sommar som vinter. Næringslivet i kommunen er variert. Viktige næringar er jord- og skogbruk, pelsdyrhald, kraftforsyning og reiseliv.
